torsdag 2. april 2015

Tankar rundt eit gamalt bilde..

Scanna papirfoto frå Store Tverråtind, 1987.


Det er smågrått i høgda på morgonkvisten i dag. Det er skjærtorsdag i 2015, og eg tek meg ei kanne til med kaffe i påvente av at været skal klarne opp noko meire. Må prøve røre meg til fjells ein tur, veit du. Men, eg har det ikkje travelt. Eg har det aldri travel eg. Fjella reiser ikkje frå meg.

Vart sitjande bla i nokre gamle papirbilder her. Artig sjå.
Mykje har forrandra seg sidan den tida. Var ikkje berre å sende ein sjølvi frå ein topp den gongen. Da var det å ruske fram apparatet frå sekken, ta eitt eller kanskje to bilder. Ein kunne ikkje sløse, for filmen hadde som regel plass til berre 24 bilder. Når denne var full måtte det til nokre veker i venting på framkalling. Ei lang fase med spenning.

Ja, mykje har forrandra seg. Ser spesielt på eit bilde. Det må vera frå 1987, trur eg. Frå Store Tverråtind i Jotunheimen. Turen gjekk via Styggebreen, ned Porten, over Storjuvbreen, ned Illåbandet, over Nørdre Illåbrean, så opp på Store Tverråtind 2309 moh. Returen meinar eg gjekk via Svellnosbrehesten 2181 moh og Svellnosbreen for så å klyve opp over Svellnose 2272 moh og over Styggebreen att. Ei utruleg fin runde, dette..!

Eg ser på utstyret eg brukte. Det er ikkje så ulikt det eg framleis brukar i fjellet, men ganske så ulikt det "massa" av folk brukar i fjellet nå.

Anorakken hadde eg arva av far min. Den heitte noko så spenstig som Hafjell, hugsar eg. Den var tunnslitt, solbleika og lett og god gå i. Og så brukte eg nikkers. Gamarsjane var ofte nedrulla i motbakkane og leggane berre. Fin ventilasjon det. På føtene hadde eg kraftige beksømsko. Det brukar eg den dag i dag. Det same med skiene. Eg har alltid hulde på fjellski med stålkantar.

Kanskje var eg siste generasjon som lærde fjellet på denne naturlege måten?
Eg synes nemleg det er så mykje stress på folk som er i fjellet nå. Dei jagar for mykje.
Fjell og stress høyrer absolutt ikkje saman.

Konklusjonen blir iallfall at du treng absolutt ikkje plastikksko og ski som er breiare enn ei alminneleg bakstkjerringrøv for å koma deg på ein fjelltur eller på ein høg topp. Du treng heller ikkje nye klede for kvar tur. Men du må ha respekt for fjellet!
Alle toppane har vore gått før, ser du,  nettopp i slik utstyr.

Ha ei fortsatt god påska alle saman, og hugs å NYT naturen og set pris på at akkurat DU har moglegheita til å vera der du er!