lørdag 7. mai 2016

Skumle snøforhald i Jotunheimen om dagen..!

Skred som gjekk innunder Storoksle like etter klukka 1300 i dag.

Nå er det viktigare enn nokon gong å ha med seg hovudet på tur.
Snøforhalda i Jotunheimen er lumske for tida, og når det i tillegg er finvær og mange folk ute på tur, så stig risikoen. I dag rasa det fleire stader. Enkelte skred vart utløyste av skiløparar, medan andre skred gjekk heilt av seg sjøl.

Mitt tips er å halde seg unna dei mest utsatte områda, og gå så trygt som berre mugleg. Om du ikkje kjem deg på den og den toppen akkurat nå, så er det ingen krise. Fjella reiser ingen veig. Vent heller til forhalda stabiliserar seg att, og velg ein trygg tur nå. Dette er alvor!