fredag 8. mai 2015

Friheit og fjell!


I dag vil eg heidre frigjeringsdagen og friheita vår med nokre bilder frå den siste månaden i vakre i Fjell-Noreg.

Håpar folk tenker over kor viktig denne dagen er for oss, og kor heldige vi er som har så fint eit land med rein og fin natur, og for moglegheita vi har til å nyte akkurat det!


Stillheit på Sognefjellet.

Falketind og Stølsnostind står alltid som gode naboar..

Våren et seg opp i fjellet, som her frå Mytingen med Storgrovhøe i bakgrunn.

Fjellet er ikkje berre dei store ruvande tindane. Det er også dei små detaljane. Her sit ein liten fossekall på elvekanten, og kosar seg med alle innsekta som våren dreg med seg til fjells i godværet.

Morgonskumring på Glittertind.

Soloppgang i Hestbrepiggane.

Store Urdadalstind ruver i Visdalen, og helsar deg velkomen.

Styggedalsryggen i Hurrungane strekker seg fint i godværet.

Trolla har det nok ikkje så hakkande gale, med ein slik buplass som under utleggsbrua på Ytterdalen i Leirdalen.

Skydottane leikar med Skagastølstindane.

Når skodda lettar, kan ein få den herlegaste utsikta....slik som her, mot Smørstabbtindane.

Gråvær og vind på Fannaråkbrean.

Vindfulle, tunge og tjukke skyar sveipar over toppane i Hurrungane.

Vidsyn innover Visdalen, med Store Urdadalstind, Semelholstind og Visbretind som stolte voktarar.