torsdag 2. juli 2015

Både månen og eg var oppe i natt..! (Bilder frå i natt)


Både månen og eg var oppe i natt. Han var full....eg drakk berre kaffe...
Det var vindstille og godt i været. Fjellrypene holdt meg med selskap, men dei ville ikkje la seg avbilda. Greit nok det, dei hadde vel ein stegg i nærheita som hadde blitt bøs da..
Men, slutt på tullpratet, slik vart natta mi saman med månen og natthimmelen..!

Alltid så vakre Sognefjellet, strekker seg kvitt utover med kjente toppar som Steindalsnose, Fannaråken, Styggedalstind og Gjertvasstind.

Gjertvasstind og Styggedalstind har farga seg for natta. Ljoset var rett så fint.

Nå har sola gått ned, og det er månelyset som har tatt over. Til venstre ser du Store Rauddalstind, til høgre rettar Mjølkedalstind seg opp.

Månen lyser mot meg, og i horisonten står Uranostind til venstre, og Falketind og Stølsnostind til høgre.

Storebjørn, Veslebjørn, Bjørnungen, Bjørnskaret, Geite og Store Smørstabbtind. Det var eit fantastsik turljos så seint på natta. Her hadde vel klokka blitt rundt 3, trur eg.

Månen har trilla ned frå Stetind.

Ein kresen kar som er kresen også på utstyret!

2 kommentarer: