(Trykk på bilde for å åpne linken)
Velkommen til fjells! Dette er en faktablogg, om turer/ruter, føremeldinger, ideer, tips, utstyr og hva det enn måtte være om fjellet. Spesielt Jotunheimen og Breheimen. Hele mitt yrkesaktive liv har jeg jobbet som fjellfører og reingjeter i denne enestående delen av vårt vakre land!
fredag 23. september 2016
torsdag 16. juni 2016
"Kveldsstemningar - medan vinteren slepp taket..!"
lørdag 7. mai 2016
Skumle snøforhald i Jotunheimen om dagen..!
Skred som gjekk innunder Storoksle like etter klukka 1300 i dag. |
Nå er det viktigare enn nokon gong å ha med seg hovudet på tur.
Snøforhalda i Jotunheimen er lumske for tida, og når det i tillegg er finvær og mange folk ute på tur, så stig risikoen. I dag rasa det fleire stader. Enkelte skred vart utløyste av skiløparar, medan andre skred gjekk heilt av seg sjøl.
Mitt tips er å halde seg unna dei mest utsatte områda, og gå så trygt som berre mugleg. Om du ikkje kjem deg på den og den toppen akkurat nå, så er det ingen krise. Fjella reiser ingen veig. Vent heller til forhalda stabiliserar seg att, og velg ein trygg tur nå. Dette er alvor!
mandag 25. april 2016
Gje naturen ein klem..!
Småturane i fjellet er verdifulle. Fred og ro, kamera og kaffe. Hund og kikkert. Eg likar rusle rundt og glytta slik eg. Spesielt morgon og kveld. Det er da ein får inn dei finast stemningane. Ein fugl som kvitrar. Kanskje rupa skrattar lite. Spor etter dyr. Sola, månen, skuggane, vinden, ljoset.. For mange er dette småe og ubetydelege ting...men for meg er det dette som gjev meining og er verdifullt.
Eg gjev naturen ein klem...kvar einaste dag..!
Legg ved nokre stemningsbilder frå siste månaden.
Det siste dagsljoset på Høgvagltindane i Jotunheimen. |
Fullmåne i stri vind og snøbyger i Leirdalen i Jotunheimen. |
Solnedgang over Hestbrepiggane i Breheimen. |
Når sola duppar, forrandrar ofte fargane seg frå minutt til minutt. Breheimen gjev alltid fin utsikt til ein solnedgang. |
Det er kveld i Bøverdalen, men oppi høgda er det framleis lite ljos. Frå Ljoslia i Jotunheimen mot Hestbrepiggane i Breheimen. |
Bjørk i blåtime og solnedgang. |
fredag 25. mars 2016
På heimveg - Vårflyttinga til Lom Tamreinlag.
Nå er det roleg beiting som står på programmet for desse flotte dyra, og på ein god månad er det atter tid for kalving. Dette skjer i hovudsak i området Veodalen/Smådalen.
Legg ved nokre bilder frå turen i går, så fleire får sjå kor fin ei vandring dette er.
Dagen starta med fint og varmt vær. Her er eit bilde frå nedre delen av Leirdalen, med Skagsnebb 2003 moh i bakgrunnen. |
Det er ingen grunn til å stresse. Ein må unne seg ein liten matbit på turen. Her er flokken kome lenger inn i Lerdalen, og du ser Rundhøe 1822 moh og Stetind 2020 moh i bakgrunnen. |
Det er det jemne som dreg. Roleg og jemn fart, tek både folk og dyr trygt fram. |
Været tjukna til, og det vart eit godt gamaldags blindføre. Her ved Leirvatnet, med Kyrkja 2032 moh svevande i gråværet. |
Etter ei pause på Leirvatnet ved Leirvassbu, er det klart for neste etappe av dagen. Gjennom Kyrkjeglupen og ned Visdalen til Spiterstulen. |
Rein i snøvær og vind i Visdalen. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)