mandag 25. april 2016

Gje naturen ein klem..!

Småturane i fjellet er verdifulle. Fred og ro, kamera og kaffe. Hund og kikkert. Eg likar rusle rundt og glytta slik eg. Spesielt morgon og kveld. Det er da ein får inn dei finast stemningane. Ein fugl som kvitrar. Kanskje rupa skrattar lite. Spor etter dyr. Sola, månen, skuggane, vinden, ljoset.. For mange er dette småe og ubetydelege ting...men for meg er det dette som gjev meining og er verdifullt.
Eg gjev naturen ein klem...kvar einaste dag..!

Legg ved nokre stemningsbilder frå siste månaden.


Det siste dagsljoset på Høgvagltindane i Jotunheimen.

Fullmåne i stri vind og snøbyger i Leirdalen i Jotunheimen.

Solnedgang over Hestbrepiggane i Breheimen.

Når sola duppar, forrandrar ofte fargane seg frå minutt til minutt. Breheimen gjev alltid fin utsikt til ein solnedgang.

Det er kveld i Bøverdalen, men oppi høgda er det framleis lite ljos. Frå Ljoslia i Jotunheimen mot Hestbrepiggane i Breheimen.

Bjørk i blåtime og solnedgang.

fredag 25. mars 2016

På heimveg - Vårflyttinga til Lom Tamreinlag.



Skjærtorsdag var det mange påsketuristar i Leirdalen og Visdalen som fekk seg ei ekstra overrasking på skituren. Det var nemleg tid for å flytte reinsflokken til Lom Tamreinlag frå vinterbeite inne på Sognefjellet og Lomseggen til vårbeite og kalvingslandet lenger aust i Jotunheimen. Med ein roleg og veltemma reinsflokk, er det ingen sak å forflytte seg i påsketrafikken blandt skiløparar. Turen gjekk innover Leirdalen, forbi Leirvassbu og inn Kyrkjeglupen. Så bar det nedover Visdalen, forbi Spiterstulen, og opp Skautkampane. Der fekk flokken påskeferie.
Nå er det roleg beiting som står på programmet for desse flotte dyra, og på ein god månad er det atter tid for kalving. Dette skjer i hovudsak i området Veodalen/Smådalen.

Legg ved nokre bilder frå turen i går, så fleire får sjå kor fin ei vandring dette er.

Dagen starta med fint og varmt vær. Her er eit bilde frå nedre delen av Leirdalen, med Skagsnebb 2003 moh i bakgrunnen.

Det er ingen grunn til å stresse. Ein må unne seg ein liten matbit på turen. Her er flokken kome lenger inn i Lerdalen, og du ser Rundhøe 1822 moh og Stetind 2020 moh i bakgrunnen.

Det er det jemne som dreg. Roleg og jemn fart, tek både folk og dyr trygt fram.

Været tjukna til, og det vart eit godt gamaldags blindføre. Her ved Leirvatnet, med Kyrkja 2032 moh svevande i gråværet.
Etter ei pause på Leirvatnet ved Leirvassbu, er det klart for neste etappe av dagen. Gjennom Kyrkjeglupen og ned Visdalen til Spiterstulen.

Lette snøbygar, litt vind og ein stor reinsflokk som kan å bruke terrenget. Her er flokken på veg gjennom Kyrkjeglupen. Vanlegvis så ser ein Store Urdadalstind 2116 moh rett bak frå denne vinkele, men ikkje i dag.

Rein i snøvær og vind i Visdalen.

torsdag 31. desember 2015

Godt Nytt Fjellår!


Ønsker med dette alle mine følgere og lesere eit riktig
GODT NYTT FJELLÅR!

Håpar så mange som mugleg tek oppmodinga mi om å feire STILLE i kveld. Det er dyr rundt oss på alle kantar, både tamme og ville, og smell og lysglimt er for dei svært svært skremmande og kan få fatale følger for dei.
Dessutan er det jo berre sløsing av pengar og forureining av ein natur vi verkeleg må ta oss saman for å passe på. Nyåret kjem av seg sjølv det, UTAN smell!

Fjellhelsing frå Kjell

fredag 18. desember 2015

Sognefjellshytta

Sognefjellshytta ligger fint plassert mellom Smørstabbtindene og Hurrungene, og byr på et variert utvalg av friluftsaktiviteter. Bre, klatring, toppturer, grotteturer, hytte-til-hytte, vårski, sommerski eller fisking. En flott plass, som absolutt kan anbefales. Har du ikke vært der, så ta en titt på filmen under. Kanskje det frister til en tur? =)



(Trykk på bildet for å få frem linken/filmen)

torsdag 17. desember 2015

Skiføre i Jotunheimen nå i desember.

Vinteren er godt i gang, og folk har begynt skisesongen på enkelte topper i Jotunheimen.

Vinterstengte veier gjør som vanlig anmarsjene til flere av disse toppene lang. Valdresflya er vintersteng, Sognefjellet er vintersteng, inn til Tyinholmen/Fondsbu/Eidsbugarden er det stengt, Leirdalen inn til Leirvassbu er stengt ved Vegasjelet i Leirlia som vanlig, og i Visdalen er det bom ved Reinstråe, et lite stykke før Spiterstulen.

Det er ikke kjempemasse snø i fjellet, men føret er helt greit. Det har vært mye vær i de siste ukene, men masse snøvær, mildvær, regn, vind og mere snø. Ingen sak traske seg en tur altså!

Men uansett må du være forsiktig, og tenke nye over dine rutevurderinger. Snøskred kan nemlig forekomme så lenge man har snø i fjellet...!


Slik såg det ut innover Visdalen i går, med toppene Store Urdadalstind og Semelholstind i bakgrunnen.

onsdag 25. november 2015

onsdag 28. oktober 2015

Førerapport 28.10.2015 - Det er kvitt i fjellet..!

Det er mange som lurar på om det har vorte skiføre i fjellet nå (les Jotunheimen).

Svaret på det er nok nei. Det har kome snø, og det er kvitt oppi høgdane, men denne snøen er rimeleg fersk og lett, så skia kan ein nok vente med å ta fram for fjellturar enda. Men, det kan forrandre seg fort. Breane lokkar sjølsagt med fin vinterkåpe, men desse skal du halde deg unna om du ikkje har kunnskap og kompetanse til å ferdast på dei. Ein regel som gjeld heile året...hugs på det!

Men, det er fint mugleg å gå på føtene i fjellet enda da, så det er ingen unnskyldning for IKKJE å ut på tur!

Legg ved nokre bilder eg tok i går, frå området Sognefjellet, som er eit bra referanseområde når det gjeld snø og skiføre. Dette er eit område der vinteren brukar etablera seg på først i fjella her. Og, når det ikkje er føre her enda, så er det dårleg dei fleste andre plassane i fjellet også.

God tur, og nyt denne førvinteren!


Store Smørtabbtind i vinterkåpe. Veigen over fjellet ser du er snødekt dei fleste plassane nå.

Frå inne på Sognefjellet, med heile Smørstabbtindmassivet mellom Store Smørstabbtind og Gravdalstind.

Lett skoddelag nedi dalen, gjer stemninga mot Smørstabbreen fin.

Isen har fremdeles ikkje lagt seg på Preststeinsvatnet. Steindalsnose, Fannaråken og Hurrungane ser derimot svært så vinterlege ut.

Utsikt sørover mot Stølsnostind og Falketind. Ikkje rare skiføret i steinrøysene her enda..

Sørover mot Uranostind.

Dei fyrste blåtonane som kjenneteiknar seinhausten og tidleg vinter er på plass. Som her ved Fantesteinsvatnet mot Smørstabbtindane.

Bråe endringar i ljoset denne tida. Eit lite glimt var Fannaråken den einaste toppen som var opplyst.