tirsdag 22. september 2015

Haust i fjellet..!

Nå er det fargane og kontrastane som rår..!
Dei aller fleste turisthyttene har stengt for sesongen nå, men det er fortsatt knallfine forhold i fjellet. Om du tek med deg sovepose og telt, så er du din eigen herre. Og nå har du stort sett fjellet for deg sjøl.
Tyin, Bygdin, Gjende, Sjodalen, Leirdalen, Visdalen, Høydalen..alle desse plassane gjev deg garantert noko å slå opp augo for denne tida.

Hausten er iallfall den årstida som har gjeve meg dei flottaste turane...!

Legg ved nokre bilder frå dei siste par-tre dagane, som eit lite "lokkemiddel"..

Leirdalen, med fargar, yr og nysnø.

Høydalen har alltid sterke og flotte fargar denne tida.

Bøverdalen mot Storhøe i Breheimen.

Haustpynta fjell, med Stetind, Rundhøe og Geite i bakgrunnen.

Eit bilde på fred og ro.. Bak står Geite.

Skoddemorgon innover Storjuvgjelet. Det ruvande fjellet i bakgrunnen er Galdhøe.

Skagsnebb er fotogen, sjøl i "ruskevær".

2 kommentarer:

  1. Hej Kjell,

    Tusen tack, igen underbart fina foton! Tyvärr kunde jag inte fara till Jotunheimen i år, men hoppas att mina planer och drömmar blir sanna under sensommaren eller hösten 2016.

    med vänliga hälsningar, Paula

    SvarSlett
  2. Kan du beratta vilken kamera du anvander

    SvarSlett