fredag 11. september 2015

"Når eg har blitt så låk til å gå, er eg jammen glad eg framleis kan sjå..!"

Her er nokre bilder frå veka som har gått. Ikkje tvil om at september har starta bra.

Håpar bildene kan gjeva inspirasjon og motivasjon.

God tur alle saman,...og hugs:
Nyt hausten, nyt freden - NYT NATUREN!

Sokse, Geitryggen og Geite tek seg fint ut med lite "melis" på.

Fjellet er nyvaska etter sommartrafikken. Nysnø ved Leirvatnet. 

Eit fint kveldsljos på Bøverbreen.

Sokse med dagens siste solstråle. Leirbreen i framgrunnen.

Fargane er seine i år, men dei er på tur. Som her, med Leirdalen i bakgrunnen, og toppar som Stetind, Rundhøe og Geite.

Kveld i Ringsbotten, med Midtre og Store Ringstind i bakgrunnen. Heilt til høgre stikk Soleibotntind fram.

Klårt og fint fjellvatn renn roleg mot bygda, og bak ruvar Skagastølstindane, med Store Skagastølstind heilt til høgre.

Det blanke og klåre Storvatnet speglar Hestbrepiggane på ein vindstille septemberdag.

Smørstabbtindane tek seg som vanleg godt ut i vasspegelen på Fantesteinsvatnet.

Uranostind er alltid like fin. Også når den speglar seg i Tyin.

Her er den verkelege porten til Jotunheimen, danna av Hjelledalstind til venstre og Falketind til høgre. På andre sida her, ligg Vettismorka.

Koldedøla renn frisk nedover mot Tyin, medan Falketind ruvar i bakgrunnen. Falketind heitte tidlegare Koldedalstinden, men vart seinare omdøpt av Aasmund Olavsson Vinje til Falketind. Kanskje var det akkurat her han stod, da han fann på det namnet? Falkenebbet er lett å sjå frå her, iallfall. Gamlenamnet vart seinare brukt på ein annan topp på motsatt side av Morka-Koldedalen, nemleg den som ligg mellom Hjelledalstind og Koldedalsbreen.

Haustfargane er på tur. Tyin og Uranostind pyntar det heile.

Eit vakkert syn. Bratte lier, berg og stein, skog, elv og dal....og bak reisar noko stort seg. Det kvasse "sverdet" til venstre er Store Skagastølstind, rett til høgre for den ser ein Vesle Skagastølstind, medan Sentraltind er den spisse til høgre. Dette er kanskje den flottaste vinkelen å skue desse gigantane frå.

Eit lite stykke Himalaya. Utladalen sprengjer seg innover mot høgfjellet. Bak skimtar ein Midtmaradalsryggen og dei Austre Midtmaradalstindane.

Ein god fjelltur blir aller best om ein dreg den så langt ut at ein kan få med seg solnedgangen. Det er liksom kvitteringa på ein god dag.

2 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder fra nydelig natur! Høsten er flott; luften, lyset og fargene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk du!
      Ja, hausten er heilt, heilt spesiell!! Og fargane minner om fred og ro..! Ei god tid å "lade batteriene" på! =)

      Slett